Framsida

Velkomen til mine sider på nettet. Her vil eg prøve å fortelje litt om meg sjølv, og kva eg held på med. I tillegg er her ein del informasjon om slekta mi.

Slektssidene
Informasjon om slekta er basert med bakgrunn i meg sjølv og kona mi. Dette vil seie at det ligg informasjon om både slekta frå Myklebustdalen og Stardalen m.m. Informasjon om slektene er henta frå hefter laga til slektsstemner i Myklebustslekta på 90 talet, frå Soga om Gloppen og Breim og frå Bygdebok for Jølster.

Dersom du er i slekt eller er interessert i slekta er det mogeleg å registrere seg og bidra til å byggje vidare på slektstreet. Du kan søke om brukarkonto på slektssidene.

Hjortejakt
Ein av mine store lidenskapar om hausten er hjortejakta. Eg har jakta hjort sidan 2001, då eg kom til Stardalen. Eg er med i Lyngstadfossen Jaktlag, og er leiar i grunneigarlaget i vårt jaktfelt (Flatjord). Les gjerne meir om dette på jaktsidene etterkvart som dei kjem på plass.

Comments are closed.