Laurdag var vi pÃ¥ hjortejakt igjen. Vi var sÃ¥ heldige Ã¥ ha med oss hunden til Bjørn, Ronja. Bjørn kunne ikkje vere med sjølv, men vi fekk lÃ¥ne….
Eg melde meg til å gå med hunden, noko som var svært interessant, sidan eg er i tankar om å skaffe meg hund sjøl. Vi hadde ferske spor på bøen til Trygve, og Ronja var ivrig oppover i granene. Eg slepte henne etterkvart, og ho søkte ei stund men kom att utan resultat. Vi gjekk nedatover mot bøen, og gjorde eit nytt søk, men heller ikkje denne gongen var det noko å finne. Vi fann ut at vi skulle byrje på nytt ved bøen, og denne gongen gjekk vi meir eller mindre rett innover mot Befringsdalen. Etterkvart slepte eg hunden igjen, og endeleg vart det los. Desverre kom Ronja attende nok eingong utan resultat. Vi bestemte oss for å prøve igjen på Grepstad, og søkte i terrenget der framme også utan resultat.
Vekslande vind og det faktum at vi har sett lite hjort i det siste får ta skulda for dårleg fangstresultat. Eg tykte likevel dette var kjekt, og dette med hund gav meirsmak.