For sesongen 2012 har eg sett meg to mål når det gjeld sykling. Eg skal vere med på Bergen – Voss og Trondheim – Oslo.
Bergen-Voss skal eg sykle saman med ein gjeng frå Sparebanken Sogn og Fjordane forhåpentlegvis raskare enn 5:15. Sist eg deltok i BV i 2010, sykla eg på 5:50, så dette blir spennande. I 2011 var eg med Førde CK og sykla Den Store Styrkeprøven. Vi hadde mål om 18:50, men klarte det med glans og kom inn på 18:33. Dette har gjeve meirsmak og eg prøver igjen også i år med mål om 17:50. Det blir spennande om eg klarar dette, men om eg får trena så mykje som eg har tenkt så går det nok bra.